Stay Signed In
Do you want to access your site more quickly on this computer? Check this box, and your username and password will be remembered for two weeks. Click logout to turn this off.
Stay Safe
Do not check this box if you are using a public computer. You don't want anyone seeing your personal info or messing with your site.
Svalheim Gard ligg i utladalen i sogn og fjordane og blir dreven av Anne og Kristiane Laberg. Dei kjøpte garden i januar 2008, og jobbar no med å rusta den vidare opp.
Det er for tida 10 oppstalla hestar der, og av dei så har dei 3 sjølv.
Rideklubben har hatt tilhaldstad der framme sidan oktober 2006. Den vart starta av Guro, Laura og Nina, og dei har gjort ein god jobb for å rekruttera folk og utvida klubben.
Vår start på Svalheim var gjennom eit kurs som rideklubben arrangerte. Me vart godt mottekne av folka der framme, og hadde det ikkje vore for dei so hadde me aldri eigd vår eigen vesle ponny i dag.
Miljøet er kjempebra, og det er sjeldan ein høyrer negative komentarar.
Må og skryta av den hjelp og støtte som me har fått. Me starta heilt i frå grunnen av, og det me kan om hest i dag har me lært der framme. Folk er alltid villige til å visa eller hjelpa oss dersom det er noko me lurer på. TAKK til alle der framme :o) me hadde ikkje greidd oss utan dykk.
Amanda og Morten
No har Morten reist i fra stallen. Han skal kosa seg som pensjoninst hos gamleeigaren sin.
Hector og Guro :o)
Hector er ein Irsk Sportshest på 14 år. Guro har eigd han i 8 år. Hector er sjefen i paddocen som han deler med Melly og Morten.
Hector er og snill og grei, og er ein av hestane som Tea har lært seg å ri på.
Guro er ein av dei som starta rideklubben på svalheim. Ho har hatt ein del ridekurs, og ho er den første som lærte Tea å ri, korleis ein skal stella, møkka og finna mat til hestane. Ho er alltid hjelpsom og har mange gode råd å komma med.
Efrahim er ein 7 år gammal pintoponny, og den nyaste på stallen. Han er ein sprangponny, men kan og brukast til dressur.
Eigaren hans er Amanda, og ho og Tea er dei yngste jentene på stallen. Dei kosar seg i lag, og når dei ikkje rir på ponnyane sine so går det i hest for det. Dei longsjerar kvarandre og lagar hinderbaner som dei hoppar på sjølve.
Melly!
Er ei haflinger hoppe på 7 år. Ho blir brukt til kurs og terapiridning og Line har ho no på heilfor. Line brukar ho til dressur, og har fått godkjent LC1 dressur med ho. Line og Melly er ein fin match som passar godt i lag :o)
Line er alltid hjelpsom, og stiller opp dersom me har bruk for hjelp :o) :o)
Tortind!
Ein roleg og avbalansert kar som likar å kosar seg i paddocen sin. Det skal mykje til for å få han ut av balanse. Han har og vorte brukt til kurs, og i vinter so har ei jenta på 8 år ridd han ein dag i veka.
Tortind kan brukast til både dressur og sprang.
Eigaren hans Marthe er ei snill og hjelpsom jente.
Frænde og Trude!
Frænde er ein New Forrest vallak, født 2002. Trude importerte han frå
DK i 2007.
Trude og Frænde rir mest dressur og vant KM dressur for ponny i 2008.
Trude instruerar Tea og Belpi ein del, og ho rir Belpi av og til :o)
Marita har vore på fast inventar på Svalheim sidan drifta starta oppatt. Ho har hatt eigen hest og mange hestar på fòr. Siste hesten ho hadde på fòr var Tiva ei fjordingshoppe. No skal ho ri Tortind av og til.
Marita er og veldig hjelpsom og snill. Ho er og flink til å instruera :o)
Seline!
Ei shetlandshoppe på 8 år. Ho kom til Svalheim frå Solvoren i haust. Seline blir brukt til køyring, og Dorthe har ho på fòr ein dag i veka.
Farima er ei 21 år gammal svensk varmblodshoppe som Kristiane kjøpte i 2004. Ho er bestemor på garden og likar å ta livet med ro. Når ho skal trimmast so likar ho seg best på tur. Kjedelege ridebaner er ikkje noko for denne dama lenger. Farima er ein pensjonert spranghest, og ho kan godt hoppa eit hinder enda når ho får anledning.
No står Farima å kosar seg ute i padocken med shetlandsponnyen Seline, som Kristiane kjøpte seg no i haust. Etter eit heller avvisande møte i starten, so har Farima forelska seg heilt i Seline og viker no ikkje fra ho.
Kristiane har mange gode råd og tips å komma med :o)
Rikkar!
Rikkar er ein fjordingsvallak på snart 4 år. Han er det nyaste tilskotet på stallen, han er innkøyrt, men blir og brukt til dressur.
Belpi slappar av i boksen sin, des 08
Belpi i des. 08
Belpigullet :o)
Belpi har vore på Svalheim sidan ho kom til Årdal i 2007. Ho er sjølvsagt den finaste og beste ponnyen på jord :o)
Belpi kosar seg på Svalheim, og har eit godt auge til Frænde som ho delte paddock med fram til i fjor sommar.