Stay Signed In
Do you want to access your site more quickly on this computer? Check this box, and your username and password will be remembered for two weeks. Click logout to turn this off.
Stay Safe
Do not check this box if you are using a public computer. You don't want anyone seeing your personal info or messing with your site.
Belpi er ei Welch mountain, sek A hoppe på 119cm. Ho er født i Danmark i 1998.
Då ho kom til Noreg havna ho i Hurdal hos Stine Kjelsrup. Der vart ho ridd inn av ei jente som heiter Emilie, og vart brukt til blant anna feltritt, sprang og dressur. Ho har starta og fått godkjent LC1 i dressur, og ho har hoppa 80 cm på stevne og 1 m på trening.
Ho har hatt 5 føll, og har eit føll etter seg her i Noreg og. Det er ein flott hingst som blir kalla Loupi.
Belpi kom til Årdal i 2007, då kjøpte Sondre ho. Da vart ho ridd av han, + 3 andre jenter som hadde ho på fòr. Ho vart og brukt til kurs og terapiridning.
Då me begynte på kurs på Svalheim, og etterkvart hadde lært oss litt om stell av hest og hestehald. Var me så heldige at me fekk Belpi på fòr me og, for ei av jentene skulle slutta å ha ho.
Me allierte oss med Guro som hadde hatt Tea på kurs, slik at ho skulle hjelpa oss litt i byrjinga, og det trengte me :o). For Belpi var ein skikkeleg rakkar i starten, ho testa ut ryttarkunskapane til Tea etter beste evne. Ho gjorde aldri noko som var farleg, men Tea hang ofte på halsen hennar, eller havna på ryggen i grusen, fordi Belpi tok ned hovudet sitt til bakken.
Heldigvis så hadde Tea instruksjon og god hjelp, så det gikk over etter ei tid. Men ho var mang ein gong fortvila, og lurte på når ho skulle slutta med detta der. Den dagen ho slutta så var det ein strålande blid ryttar som påstod at det var den beste dagen i hennar liv. Staheit og pågangsmot hjelper på :o)
Etter at me hadde hatt Belpi på fòr 1 dag i veka ei stund, fekk me tilbod av eigarane hennar at me berre kunne ringa dersom me ville ha ho i helgene eller andre dagar. Sonen deira var ikkje so ivrig på å ri lenger, og ho vart difor ikkje brukt kvar helg.
Denne ordningen var ganske grei for da kunne me berre ringa viss me ville ha ho ei helg, eller dei kunne ringa oss for å høyra om me ville ha ho for dei. Etter kvart gikk me og opp frå 1 til 2 faste dagar i veka. Me hadde ho og i 14 dg i fjor sommar då dei var på ferie.
So kom seinsommaren, og me fekk beskjed om at Belpi skulle selgast. Me fekk tilbod om å kjøpa ho, men eigarane hennar var i tvil om dei ville selga ho her i bygda. Ho sto difor tilsalgs i nokre veker, før det vart bestemt at me skulle få kjøpa ho. Me kjøpte ho den 20. 10. 08. Det var da ein strålande blid 9 åring som kunne kalla seg for hesteeigar.
Belpi er ein god og snill ponny som passar suverent til Tea, og me gledar oss til å sjå utviklinga dei to skal ha i lag. Ho kunne ikkje fått ein betre førstegangsponny.
Ho har brukt ho til dressur til no, og dei deltok på sitt første stevne i haust med gode tilbakemeldingar. Me vil og testa ut sprangpotensialet hennar etterkvart. Tea og Belpi likar veldig godt å hoppe men det har dei desverre ikkje fått prøvd meir enn eit par, tre gonger på grunn av at det er ikkje er instruktør her. Men det skal bli arrangert sprangkurs på Svalheim etterkvart, so da er dei på plass.
Ellers so er Belpi som ponnyar flest, litt ramp men for det meste grei. Ho likar ikkje so godt å få på seg dekken, og nappar litt etter oss når me skal festa det framme. Men det har betra seg etterkvart, og viss ein godsnakkar litt med ho so går det som regel bra.
Ho er også ganske kilen under magen sin, so når me kostar ho so er det fort det kjem ein liten protest i fra ho, og det verste ho veit er når me skal ha på ho salen.
Ellers so likar ho godt å stå å fylja med inne i boksen sin. Ho er utruleg sosial og likar helst at det er andre hestar rundt ho. Viss ho blir ståande ei stund åleine inne eller ute, so vrinskar ho vilt på dei andre hestane, og lurer på kvifor dei har forlatt ho.
Dagens høgdepunkt for Belpi er når det er foringstid. Da står ho og humrar og ventar utolmodig på at fòret skal komma, og ho hiv seg over maten som om det er hennar siste måltid. ( søta mi). Godbitar, gulerøtter og epler fell og godt i smak. Og me har nok skjemt ho litt vekk for ho står og snuser på lommene våre og lurer på om det ikkje er noko godt nedi der :o)