Piczo

Log in!
Stay Signed In
Do you want to access your site more quickly on this computer? Check this box, and your username and password will be remembered for two weeks. Click logout to turn this off.

Stay Safe
Do not check this box if you are using a public computer. You don't want anyone seeing your personal info or messing with your site.
Ok, I got it
Blogg
Tilbake
Belpi

På laurdag so reiste Belpi til Lærdal. Var ein tirst og vemodig dag. Me for tidleg fram på stallen for å gjera klart til dei skulle komma å henta ho. Dei blei litt forsinka for dei hadde lånt vekk hengaren sin dagen før, og so fekk dei han ikkje att før ut på føremiddagen laurdag.
Medan me venta so fant me ut at me skulle sleppa Belpi laus på ridebana, slik at ho fekk springa litt i fra seg. Ho var veldig intressert i graset rundt kantane til å byrja med, men so satte ho opp tempoet. Er morro å sjå på ho når ho set opp turboen og spring i full fart. Er litt av eit tempo.

Belpi har i hatt litt problem med eine framfoten sin ei stund. Ho var hoven og varm for 14 dg sidan. Me la da på ein stallbandasje for å få ned hevelsen, og gav ho fri i 1 veka. Ho kom seg da, men me såg at ho hadde fått eit ganske stort sår under hovskjegget. Var nok detta som var årsaken til haltheten. Ho har mest sannsynleg fått mugg meinte ho som skal ha ho på for. Såret sprakk uheldigvis litt oppatt når ho satte opp turboen på bana.
I dag fekk eg tlf frå dei som har ho på for. Ho er halt blitt att, men ho meinte det kom av salen som ho har. Belpi hadde og lite ryggmusklar meinte ho, og at det var salen som var noko av årsaken til det. Belpi har nok ikkje kjempemasse musklar på ryggen, men ho har komme seg betrakteleg sidan me overtok ho. Da hadde ho ikkje musklar i det heileteke og ho var heilt innsokken langs ryggraden. Me får prøva å få tak i ein brukt sal til ho, for å sjå om det kjem seg da.
Ellers so virkar det som ho trives der, og ho har 3 andre hestar til selskap

No har me bestemt oss for å setta Belpi ut på for til nokre kjekke og flinke folk i frå Lærdal. Dei var å prøvde ho i går, og so fekk me tlf. i dag at dei ville ha ho, dei kjem å henta ho ein av dei nærmaste dagane. Greitt at det er so nær for da kan me reisa for å besøka ho ofte, heldigvis.

Lenge sidan eg har skrive no.
Er ikkje so mykje nytt på salgsfronten. Har hatt nokre intresserte, men dei vil ha Belpi på fòr først før dei evt kjøper ho. Det blir litt for usikkert synes me so me har bestemt oss for at me skal ha ho sjølv til den rette kjøparen dukkar opp.
Ellers so har me no barbert gullet no. Vart dekkenkløpp i år, Belpi var kjempesnill under heile barberinga og sto fint i ro. I år har me og barbert ho i halve ansiktet slik at ho ikkje har som mykje skjegg :o). I går fekk ho og på seg vintersko so no er me klar for vinteren.
I dag er Tea sjuk so Line skal ta seg av Belpi i dag, har ettermiddag sjølv :o)

So har me teke den vanskelege belsutningen å selga ho Belpi.
Etter eit samlivsbrot blir det for vanskeleg å behalda ho. Skulle ha gitt mykje for at me forsatt skulle ha ho, men det går for mykje på bekostning av dei andre i fam.

Me har hatt ei kjempefin tid med Belpi i dei 2 åra som me har kjent ho. Det første året som me hadde ho på fòr, og no det siste året som me har eigd ho. Ho har lært meg og ikkje minst Tea alt det ho kan om hest og ridning. Ho har vore ein kjempefin læreponny til Tea, litt utfordrande til tider men for det meste tolmodig og snill og grei.

Kjem til å sakna kneggingen hennar når ho høyrer at me kjem på stallen, snusingen i lommene våre for å sjå om me har ein godbit til ho, kosen som ho vil ha nå me møkkar padocken hannar, og ikkje minst det å vera saman med ho om dagane. 

No skal me konsentrea oss om å finna ein god heim til ho, men det kjem til å bli tøft å gi ho i fra seg. :o(

I går gikk me på ein lang tur. Gikk moloen bort til brua og vidare på grasmoloen. Etter det gikk me gjennom byggefeltet for å komma til ein tredje molo som går oppover bak byggefeltet.
Var litt spent på korleis Belpi ville ta det, men ho oppførte seg eksemplarisk sjølv om ho var åleina med meg og Tea, og ho ikkje har gått der før med oss. 
Ho kosa seg, men ho passa på at eg ikkje kom for langt vekk i frå dei. Når Tea fatta galopp på grasmoloen på tur heim att, so kom ho med eit par bukkesprang. Men trur ho var glad for at me var på veg heim :o). Tea skrattlo når dei kom og datt heldigvis ikkje av. Det er lengesidan ho har gjort det no. :o)
So var det slutt på ferien for Belpi og Tea, trur dei har hatt godt av det begge 2.
No jobbar Tea med å få Belpi i form att etter beitesesongen. Ho er vorten litt stiv og støl. Merkar det ikkje so godt i skritt og trav, men i galopp so ser ein det godt. 

Belpi er ikkje heilt einig i at det no er slutt på ferien, for ho har ikkje særleg lyst til å gå inn på ridebana. Men ho jobbar bra :o)
Alt går fortsatt kjempebra med Belpi på Hafslo. Ho er begynt å bli blank og fin i pelsen, og hale og man er blitt mjuke og skinnande:O).
Tea rir ho av og til nokre rundar rundt på eigendommen, da er Belpi roleg og eksemplarisk. Ho kunne no tenkt seg nokre munnfullar med saftigt gras når ho blir ridd på, og ho synes nok at det er litt tortur at ho må gå å oversjå alt graset som ho går på når ho blir ridd. (he he) Matvraket vårt.
Veslestina, Espen og Martine har og ridd på ho :o)

Ellers so er ikkje Belpi so avhengig av nabohestane som eg hadde trudd ho skulle bli. Ho veit nok at dei går der og ho har slått seg til ro med det. Dersom ho meinar dei har vore for lenge og litt for langt vekk i frå ho, vrinskar ho nokre gonger slik at dei skal komma ned att til ho. Ho konsentrerar seg fullt å heilt om å eta.
Ein liten oppdatering i fra beite :o)
Søndag pakka me utstyret vårt i bil og lasta Belpi på hengaren, og satte avgarde til Hafslo, der Belpi skal gå på beite på småbruket til pappa i ein måneds tid. Turen gikk kjempefint, Belpi vrinska ein del på turen, men ho sto å kosa seg å gomla høy, og tok det heile med ro.
Når me kom fram til Hafslo var ho heilt roleg, og såg seg forundra rundt på alt graset som var rundt ho, og ho var snar til å begynna å gomla medan me rusla opp til området som ho står på. ca 2 mål med høgt og saftigt gras.
Me hadde venta oss litt galopp og herjing når ho slapp laus men ho tok det heilt med ro og gikk roleg rundt og utforska.
I starten so holdt ho seg i nærleiken av oss, og passa på at ho hadde oss i sikte. Men so kom dei 2 nabohestane ned til gjerdet og ho fekk helsa på dei. Det er ein dølavallak, og ei dølahoppe. Det gikk kjempefint, men Belpi gav tidleg beskjed om at ho ikkje ville ha dei for nære. Ho snudde rompa til og gav vallaken eit velretta spark når ho syntes han blei for nærgåande. Seinare på kvelden so galopperte Belpi rundt og storkosa seg.

Me har og laga til eit lite krypinn til ho i fjøset. Der står ho rett som det er. Når det er varmt ute, eller når det regnar. Ho er og der inne om natta, da legg ho seg ned. Det ser me av avtrykka i torven morgonen etter. :o)

Belpi kosar seg og et seg god og rund. Søndag når me kom inn her so var ho litt småspist, var nye hestar og nytt område å gjera seg kjent med. Det var og litt grovare gras enn det ho var vandt til so det tok ei stund før ho stupte ned til bunn der det var saftigt og godt gras. Men no et ho godt og ho er allereie begynt å bli litt bollerund.

Ho har fått heilt fri no, Tea har berre skritta ho rundt på eigendommen her litt ein dag. Men dersom ho fortset å legga på seg so spørs det om ikkje me må byrja å trimma ho litt, ellers so er det fare for at me må utvida hengaren når me skal heim :o)
So var det endeleg ferie, og no gledar me oss til me skal til Hafslo. Belpi er klar til å på beite, so no skal me berre pakka til dyr og folk før me reiser inn på søndag. Skal bli kjekt :o)

Har vore sløv å skriva i bloggen i det siste, men er ikkje noko spes som skjer for tida.
Vart ikkje stevne på oss, da stevnet vart avlyst pga. for lite påmeldte. Men får ta det att til hausten, for no skal Belpi snart på beite. Det gledar me oss til, det skal bli kjekt å ha ho ruslande rundt oss på Hafslo i heile sommar.
Driv å beitar ho kvar dag, og det er høgdepunktet hennar kvar dag trur eg.
I dag var forresten skoaren her, tok av ho skoa no når ho skal på beite. Ho blir ikkje ridd so hardt no heller, for ho må jo trimmast ned før ho skal stå i ro i sommar.